Logo
 

BØKER: MEIR INFO


Raudt, blått og litt gult
(biletbok med Lars Elling)
1993 Det Norske Samlaget
1994 Dagens Bok
Frankrike 1995 Editions Zarafa
Tyskland/Østerrike 1995 (6. opplag) Verlag Kerle
Danmark 1995 Gyldendal
Amerika/Canada 1999 Carolrhoda/Lerner Books
Spania 2000 Ediciones de la Torre
Færøyane 2000 BFL
Sør-Korea 2002 Gimm Young
Taiwan 2005
Palestina 2006

UTDRAG: Men fyttigrisen! Ein blå sprutdæsj midt på nasen!
- No begynner han igjen, sukkar Matisse. - Det er Pollock med drypp-og-sprut-bileta sine. Eg likar ikkje når folk skvettar maling på damene mine.
Han blunkar lurt til Oda, som står og ser med store augo på fargane som sprutar vilt inn i rommet: Raudt, blått og litt gult. Er det verkeleg lov å grisa slik når ein malar?

HANDLING: Oda blir med onkelen sin på jobben på eit kunstmuseum. Ho tek på seg ein kjole som berre ligg på golvet der, og så skjer det noko utruleg og forferdeleg og spennande på ein gong. Oda har havna midt inne i eit maleri. Og fleire skal det bli.

KRITIKK:

VG

En vilter vandring i verdenskunsten med en liten pike som guide. Bjørn Sortland og Lars Ellings Raudt, blått og litt gult gir frodig innsikt. Opphavsmennene kjenner stoffet så godt at tegning og tekst ikke sporer av i sin viltre vandring mellom motivene. Både frodigheten og de underfundige poengene gjør at boka treffer på tvers av generasjoner.
Harald Flor, DAGBLADET

Jenta Oda tek lesar og sjåar med på ei vedunderleg uhøgtidleg ferd gjennom den moderne målarkunsten frå van Gogh via Margritte til Warhol og Salvador Dalí, og løfter kunst og kunstnar ned frå sokkekelen og gjer dei levande. Den lett humoristiske teksten, rik på dialog og handling, skaper ein einskap med illustrasjonane som med respektlause sitat framhevar det typiske ved måleriet.
JURYEN som tildelte boka Deutscher Jugendliteraturpreis i 1996

Ei livleg innføring av same kaliber som Linnea i malerens hage. Annas (Odas) besøk på kunstmuseet viser seg å bli mykje meir underhaldande enn onkel Henrys lærde omvisning ... Sortland sørgjer for korte biografiar om alle kunstnarane - som Elling målar i morosame, gjenkjennelege karikaturar - og dette blir ei lystvekkjande forteljing som barn bør få lese før dei skal på kunstmuseum.
KIRKUS REVIEWS, Books of Special Note, New York

Raudt, blått og litt gult vil nok få mang en kunsthistoriker til å rekke opp hånden i været, men det er en fantastisk bok - både for den som leser den høyt, og for de barn den leses for. Den handler om Oda som ytterst motvillig blir med sin akademiske onkel på kunstutstilling.
BERGENS TIDENDE

Det er ikke så rent lite den nysgjerrige Oda lærer om kunstnere og kunsten deres den dagen. Men så er dette mer enn en kunsthistorie-bok for barn. Forfatter og illustratør har tatt barnas innlevelsesevne på alvor.
VÅRT LAND

FORFATTAREN SJØLV SIN KOMMENTAR: Eg hadde lenge hatt ein idé om å senda ei jente gjennom eit kunstmuseum, laga ei slags Alice i eventyrland-forteljing med utgangspunkt i modernismen. Eg traff illustratør Lars Elling som hjalp meg å konkretisera tankane mine. Vi sat i kjellarstova heime på Bømlo og planla heile boka saman. Vi hadde begge òg eit sterkt forhold til Fam Ekmans inderleg gode bok: Hva skal vi gjøre med lille Jill? (Cappelen, 1976) der ei jente forsvinn i eit bilde. Lars og eg planla der og då å laga ein slags bildebok-triologi om modernismen. Raudt, blått og litt gult blei i ein schläger som bildebok, og hovudpersonen Oda tok oss med ut i verda. Vi fekk fine kritikkar, vant fleire prisar, det var generelt svært god stemning rundt denne boka.