FOREDRAG
Eg reiser mykje rundt på forfattarbesøk. Eg har i hovudsak fire opplegg:
1. Vanleg klassebesøk (45 minutt)
Eg snakkar om korleis eg jobbar, om vegen frå ein idé fram til ei ferdig bok. Eg fortel om kva byggjeklossar ein må ha for å laga ei forteljing, korleis ein set saman ein tekst slik at andre kan lesa han. I tillegg les eg ein del frå mine eigne bøker.
Målgruppe: Har litt forskjellige opplegg, alt frå barnehage til vidaregåande. Eg er mykje på mellomtrinnet og på ungdomsskulen, i det siste også ein del på vidaregåande
2. Skrivekurs (alt frå 90 minutt til 3 dagar)
Dei siste åra har eg hatt fleire og fleire skrivekurs i skjønnlitterær skriving.
Eg lagar eit opplegg etter ønske frå oppdragsgivaren. Hovudprinsippet er at eg fortel om korleis eg jobbar frå eg får ein idé til tekstane er ferdige. Eg gir oppgåver, går gjennom tekstar og gir individuelle tilbakemeldingar i plenum. Skummelt og lærerikt! Eg bruker også meir tid på å gå djupare inn i skriveprosessen. Eg hentar eksempel frå filmdramaturgi, og prøver å visa parallellar mellom fiksjon i bøker og fiksjon på film. Eg legg vekt på å gi direkte evaluering av tekstane elevane eller deltakarane har skrive.
Målgruppe: Frå sjuande klasse til vaksne. Har hatt skrivekurs også utanom institusjonar som skular og bibliotek.
3. Foredrag om kunstformidling
Eg har også halde foredrag korleis ein kan formidle både fakta, glede og begjær for kunst til barn, ungdom og vaksne. Eg brukar særleg biletboka mi Raudt, blått og litt gult og romanen Ærlighetsminuttet.
Målgruppe: Alle.
4. Litteraturproduksjon for videregåande - bli di eiga forteljing
Har fått prosjektstøtte gjennom Norsk Forfattersentrum til å utvikla ein litteratur-produksjon for vidaregåande skule. Eg har kalla prosjektet "Bli di eiga forteljing", eit opplegg der eg har eit skrivekurs saman med elevar, som resulterer i dialogar skrivne av elevar. Dialogen skal bli filma heilt enkelt med elevar sjølv, og skal kunna brukast seinare. Den Kulturelle Skolesekken bidrar også her. Eg har alliert med meg Alligator Film i Bergen, og skal kursast sjølv og få tips og råd korleis ein kan filma ein heilt enkel scene til dette spesifikke bruket, og slik at lærarar og elevar sit igjen med noko konkret seinare. Det handlar eigentleg ikkje om filmskaping, men om å laga forteljingar gjennom dialog. Filminga er eit verktøy til å skapa ei felles deltaking og forståing. Om du jobbar i vidaregåande og vil ha besøk av meg angåande dette , kan du kontakte meg.