Logo
 
Piggsvin forlag
english

OPPGÅVE

Info

Info i Barnas forfatterleksikon

No har også eg komme på allkunne.no, eit nynorskleksikon på nett, vel verdt å sjekka. Grundig og greitt. Dei som skal skrive oppgåve om meg eller andre ting, klikk deg her.

Informasjon på Aschehoug

Informasjon på Store Norske Leksikon

Tro, Kunst og Ærlighet

Artikkel om bøkene mine på barnebokkritikk.no

Kunstdetektivene

Vil du skriva oppgåve om Kunstdetektivene? Sjå videointervju (klikk på filmikonet)

10 ting eg må ha på skriverommet mitt

1. Eit vindauge. Og ein by utanfor. Eg kan skriva nesten kor som helst, berre skriverommet mitt har vindauge med ein by utanfor.

2. Ein espressomaskin som ein må jobba litt med. La Pavoni eller Gaggia. Og aller helst dei små espresso-koppane med Picasso-oksar på som kona mi har gitt meg. Alternativt ein kaffibar i underetasjen.

3. Ei dressjakke. Den hiv eg på meg i tilfelle mor mi kjem sånn at ho ser at eg har eit verdig liv, ein skikkelig jobb.

4. Word Perfect 5.1 frå 80-åra. Det blå skjermbildet med dei knotete, gråkvite bokstavane er magisk. Dei er ein føresetnad for heile mitt skapande liv.

5. Musikk. Helst filmusikk, soundtrack frå relativt dårlige filmar eg aldri har sett. Eller Goldberg-variasjonane til Bach.

6. Tre bøker: Bibelen, ei bok om dei samla verka til malaren Giotto, og Den lille prinsen av Saint-Exupéry.

7. Flyktige kvinner. Som går forbi vindauget mitt.     

8. Ein god stol. Som eg kan vippa på når eg tilfeldigvis ser ei flyktig kvinne som passerer vindauget mitt.

9. Ein kalender. Helst med reproduksjonar av gamle reisemotiv-plakatar, dampbåtar som skal til New York, fly til Kairo, tog til Venezia.

10. Forventningane om ein god haust. Og om at Guds nådes lys av og til skin inn gjennom vindauget mitt.

Dei 20 mest vanlege spørsmåla

Mange elevar skriv til meg og lurer på forskjellige ting når dei skal skrive oppgåver og slikt. Her er svar på dei 20 mest vanlege spørsmåla eg får:

1. Kor gammal var du då du gav ut di første bok?
SVAR: 23 år.

2. Kor mange sider var den tjukkaste boka du har skrive?
SVAR: 549 sider.

3. Kor mange bøker har du skrive?
SVAR: Det blir fleire og fleire, så du må nesten telja sjølv. Klikk her så får du sjå alle.

4. Har du reist til dei byane og landa du skriv om?
SVAR: Ja. Mange av dei har eg besøkt fleire gonger. Unntaket er Sydney. Då eg skulle reisa dit, vart eg sjuk, så der har eg enno ikkje vore.

5. Kva er den beste boka du har skrive?
SVAR: Malaren Edvard Munch fekk ein gong spørsmål om kva bilde som var det beste han hadde mala. Han sa at det var umuleg å svara på, bilda var som barna hans, han kunne ikkje bestemme seg for kven han likte best. Slik har eg det kanskje òg når det gjeld bøkene mine.

6. Kva mobil har du?
SVAR: Nokia.

7. Er du ein berømt forfattar, så berømt at folk kjenner deg igjen på gata i Paris?
SVAR: Nei.

8. Kva blir du inspirert av?
SVAR: Av alt muleg, folk rundt meg, ting eg høyrer og ser. Eg les ein god del, ser filmar og seriar. Eg har dårleg korttidsminne, så eg må skriva ideane mine ned i full fart for ikkje å gløyma.

9. Har du hund?
SVAR: Nei. Men eg har akvarium.

10. Kor lang tid bruker du på å skriva ei bok?
SVAR: Alt frå eit kvarter til seks år. Som oftast noko midt imellom.

11. Har du opplevd det du skriv om?
SVAR: Nei, ikkje direkte. Men eg har ofte hatt same følelsane som dei eg skriv om.

12. Har det hendt at noko du har skrive, ikkje er blitt gitt ut fordi forlaget ikkje ville ha det?
SVAR: Ja, dessverre. Og heldigvis. Det har ikkje vore så bra. Som oftast lar eg det då liggja utan å gjera meir med det. Etter ei stund skriv eg det kanskje heilt om, og då kan det bli gitt ut som ei heilt anna bok. Noko lar eg liggja utan å gjera meir med det. Dei aller fleste bøkene eg skriv, kjem ut.

13. Kjenner du andre forfattarar?
SVAR: Ja.

14. Kjenner du J.K. Rowling?
SVAR: Nei.

15. Skriv du både bokmål og nynorsk?
SVAR: Ja. Dei aller fleste bøkene eg har skrive, er på nynorsk. Serien Kunstdetektivene er på bokmål.

16. Kva er yndlingsboka di?
SVAR: Bibelen.

17. Kva mobil har du?
SVAR: Det har eg svart på før, sjå spørsmål 6.

18. Har du fått terningkast 6?
SVAR: Ja, i VG. Eg lurte pittelitt på å tatovera terningen inn på skuldra mi, men let det vera.

19. Skal du skriva fleire bøker?
SVAR: Eg håper det. Eg er alltid usikker på om eg verkeleg vil greia å skriva ei bok til når eg begynner på ei ny. Kvar gong, eigentleg.

20. Kva ville du vore viss du ikkje var forfattar?
SVAR: Racerbilkjørar. Eg liker å kjøra.

10 ting eg trur eg har tenkt på når det gjeld å skriva for ungar og unge

Eg har hittil skrive mest for ungar og ungdom. Eg får ofte spørsmål om dette, sjølv om eg eigentleg ikkje ser så mange forskjellar på å skriva for vaksne og unge. Eg høyrer likevel etter når sterke forfattarar som Jon Fosse problematiserer det å skriva barnelitteratur, særleg fordi han skriv gode barnebøker sjølv. No finn eg ikkje plass til å gå inn på det han eller andre seier om kunstens autonomi osv., men eg vil ha nemnt at det nok er forskjellar, og at eg på ein eller anna måte underbevisst sikkert tar stilling til desse. Eg skriv likevel dei bøkene eg skriv fordi eg har lyst til å skriva akkurat dei. Har eg skrivelyst, så er det det beste teiknet på at eg skriv slik eg skal. Og eg kjenner meg ikkje hemma som forfattar av å skriva for ungar. Gode barne- og ungdomsbokforfattarar som til dømes Astrid Lindgren, Erlend Loe, Rune Belsvik, Annika Thor, Fam Ekman, Mark Twain, Stein Erik Lunde, Roald Dahl, Gunnar Ardelius eller C.S. Lewis inspirerer meg. Lista er lang. Men eg får sjølvsagt like mykje skriveglød av å lesa Ian McEwan, Bibelen, Cormac McCarthy, Jon Fosse, Amos Oz, Marguerite Duras, Graham Greene, J.M. Coetzee. Og kor skal eigentleg Antoine de Saint-Exupéry plasserast? Kort og godt: Det er den sterke litteraturen som gjeld.

Her er ting som eg sjølv av og til har tenkt på når det gjeld skrivinga mi, sjølv om dei ikkje er reglar eller noko, dei ligg der berre ein stad på harddisken. Dei kjem litt hulter til bulter, og eg kunne heilt sikkert ha sagt det annleis. I morgon er eg sikkert ueinig med meg sjølv. Desse listene skriv eg sannsynlegvis berre for å gi ein illusjon av struktur. Men altså:

1. Eg har trong for å skriva ganske forskjellige bøker, og har også forskjellige slags lesarar. Eg har òg trong til å slå fast noko sjølvsagt: Ungar er like forskjellige som vaksne, det finst ikkje ein type litteratur som absolutt alle ungar liker, det er ikkje bestemte «tøyseord», «glade fargar» eller «skumle lydar» som slår an hos alle. Ungar er ikkje forskjellige «målgrupper», men sjølvstendige individ. Men det må seiast: Som vaksne følgjer dei òg ofte den jamne straumen.

2. Ungar har alltid krav på at forfattaren har tatt skikkeleg stilling til språket. Klisjear, slappe setningar og alt anna som er språkleg upåliteleg, er ein styggedom – om det så berre er ei innleiing i ei peikebok (det vert rett nok sjeldan skrive slike innleiingar). Noko anna er respektlaust overfor lesaren. Mesteparten av tida mi går med til å om igjen og om igjen jobba meg gjennom teksten. Og om igjen ein gong til. Sjølvsagt synest eg aldri at det blir godt nok, men på eitt eller anna tidspunkt må ein berre seia at boka er ferdig og få ho ut. Seier nokon at eg slurvar med språket, må eg gå i skammekroken og tenkja meg om ei god stund.

3. Det finst som oftast nokre ungar/unge i bøkene mine som unge lesarar reint aldersmessig kan identifisera seg med. Det er ein slags regel, trur eg.

4. Sjølv om det ikkje betyr at eg alltid prøver å halda lesarane på pinebenken, så er eg opptatt av at bøkene mine skal vera spennande. Det er ikkje heilt lett for meg å forklara nøyaktig kva spennande er, men eg kjenner det i kroppen når det er der, det skal alltid vera eit draiv i teksten som gjer at lesaren berre må lesa litt til. Det gjeld jo alle bøker. (Eg liker ikkje ein gong ordet spennande, berre så det er sagt.)

5. Typiske serie-/sjangerbøker skal ikkje undervurderast, i dag er det mange nyansar. For veldig mange forfattarar vart typiske sjangerbøker inngangsbilletten til litteraturen. Eg las sjølv mange bøker med herlege, glossy framsider og titlar som tok meg med til Zanzibar. Eg har skrive opptil fleire slike bøker sjølv, fordi eg synest det er gøy. Eg prøver å gjera det så godt eg berre kan.

6. Trass i at eg tviler stadig meir på om boka har ein absolutt immunitet, trur eg framleis sterkt på boka som medium, også reint fysisk, tredimensjonalt. Boka må ha rett tyngde, rett papir, eit godt omslag, god design, gode illustrasjonar, leseleg skrift osv. Ho skal vera stolt av utsjånaden sin. Særlig ser eg ulike former for bildebøker som eit knallbra medium. Kanskje er det fordi eg er ein mislukka illustratør, at eg ønskjer bilde i halvparten av bøkene mine. Noko av det mest lystvekkjande eg veit, er å jobba med illustratørar. Dei er gode lesarar, og les ofte ein tekst med ei friskheit som berre barn har. Det er utruleg inspirerande når dei har lese bøkene mine på nytt gjennom illustrasjonane sine. Teksten min blir noko meir, noko som er større.

7. Eg har skrive fleire bøker om kunst. Ungane kan gjennom litteratur få nøklar til vaksenverdas kunst, litteratur, musikk osv. Men ein skal ikkje tvinga dette skjøre på dei gjennom ein krampe-pedagogikk som svekkjer lysta. Eller gjera ting banalt og infantilt. Kven vart eigentleg levande interessert i lyrikk gjennom lyrikk-analysane på vidaregåande? Obligatoriske turar på Munch-museet og andre museum er eit must. Å ha pensum og prøver i kunst-historie er absolutt. Kunst og estetikk er òg fag. Så tvingast må dei, ungane.

8. Det beste rådet eg har fått når det gjeld å skriva for ungar, er at ein skal vera lojal mot knehøgda. Eg hugsar ikkje kven som sa det til meg, men eg høyrte det like etter at eg debuterte. Ein kan skriva om fødsel og død, forelsking eller kjærleik som går i sund. Men likevel ikkje i eit språk som er kryptisk for dei. Det er forskjell på å vera kryptisk, og å visa dei ei hemmelegheit. Det er ikkje viktig at ungar forstår alt, det er fint å berre kunna sansa noko. Overtydelegheit slår i hel. Det er dølle greier. Det er noko av utfordringa med å skriva for ungar. All sterk kunst og litteratur har i seg ei hemmelegheit.

9. Eg skriv om ting som eg sjølv har lyst til å lesa om, og som interesserer meg. Alt anna er bløff. Og det er ikkje lov å lyga om slikt berre fordi ein er lat. Ungar liker ofte det same som vaksne. Dei liker ikkje uinspirerte, idylliserande barnebøker med høg kakao-faktor og parodisk koselege bestefedrar frå ein barndom som eigentleg aldri har eksistert. Heller ikkje det motsette: Bestilte spisevegringsbøker og konstruert problemfokusering er sjeldan gripande. Som forfattar må eg ha kontakt med mitt eige stoff, som det heiter. Det er det einaste, det viktigaste. Då kan ein skriva om godt om både bestefedrar og spisevegring.

10. Ungar er opne for Guds eksistens.