Logo
 
Piggsvin forlag
Bjørn Sortland på Facebook
english

DIVERSE


(Illustrajon: Flu Hartberg)

Fantastisk reaksjonsevne:

Aaaah! Lego!
Det er veldig lenge sidan eg har kjent den salige gleda av å opna eit nytt, stort legosett. Då eg var ti, kanskje. Men ein dag, ganske nyleg, snubla eg, som dei seier, over ei designside der ein fyr snakka entusiastisk om den nye Lego-happeningen - Volkswagen T1 Camper Van. Vi hadde ein  bil temmelig lik denne då eg var liten, og eg fekk så mange gode flashbæks at eg bestilte greia på nettet. Ikkje så hakka gale dyrt, og finare enn bilen utanpå på eska. Ja, dette er rein reklame. Men når nokon lagar eit så bra produkt, så ... yeah! Det er 1332 delar. Dei fleste temmelig små. Alder: 16+
Lego Camper Van

Årsmøte i Tintin-modellbil-samler klubben
Årsmøte i Tintin-modellbil-samler klubben

Book by its cover: Blogg om bokomslag som kunst

Fallen Art

En trussel mot glemselen

Marvin Halleraker sitt portrett av Tom Waits er no å finna på Tom si heimeside. Claim to fame! (kjenner Marvin litt ...)

House er veldig tilbake
Sesong 5 er endeleg på dvd. Saman med Mad Men er House noko av det mest oppmuntrande som har komme på televisjonen. Og eg sit heile tida i angst for at det høge nivået på manusskrivinga skal stupa, men framleis har dei skikkeleg grep.
House

Kunstprosjekt med mine tekstar
I vår laga bildekunstnaren Line Hvoslef ei visuell utforming av tre tekstar frå boka Fallskjermhopparen og togføraren løyser kryssord.
Dei vart utstilt i tre monter i Borggården på USF Verftet i  Bergen. KunstprosjektKunstprosjektKunstprosjekt

Viss du liker denne, stem!

Gorillaz
Ein så fin og trist Gorillaz-song på Youtube at eg måtte leggja den ut her.

Gaza Blues
ill
Tips! Les denne vesle boka frå 2006, ei deilig, alvorleg humoristisk og lite politisk korrekt skjønnlitterær bok, skriven av to unge forfattarar, israeleren Etgar Keret og palestinaren Samir El-Youssef (Cappelen 2006).

God jul! ill

Aldri har eg sett ein større sjølvpåført ironi i kommersen enn dette juleshoppingvinduet eg kom over i Zürich. God jul.
ill

Gladmelding inn i ei verd der mykje idiotisk fiksjon rår: MD House startar opp 5. sesong i september 2008. I USA rett nok. Men eg er happy som eit fly. Så døydde han ikkje i 4. sesongen likevel ... Er klar over The Wire og slikt - men House, altså. Han er berre ...
foto

KUNST vs. MUSEUM
foto
I sommar var eg i London, og gjekk som eg ofte gjer på Tate Modern. Der var ei utstilling med tema "Street Art". Dei hadde mala store delar av fasaden med bilder som såg ut til å vera spraya rett på bygningen. Men i info-senteret like ved, kor folk hadde begynt å tagga veggane, naturleg nok, så vaska museumsfolka for harde livet vekk all tagginga, alle forsøk på å laga litt street art på veggen til ei berre midlertidig brakke. Dei hadde til og med sett opp eit skilt om at ein ikkje kunne skriva der. Jau. Ord blir ikkje berre fattige, dei blir også vaska vekk. Reality bites, som ein sa på nitti-talet.
foto

Finn 1 feil!

Her kan det passa med froskevitsen til Kurt Johannesen, henta frå boka "Er eg ein frosk?" (Zeth, 2008):
Det var ein gong ein mann som hadde ein frosk på hovudet. Frosken satt bom fast. Mannen tykte det var noko slitsamt å gå rundt med ein kvekkande frosk på hovudet. Til slutt gjekk han til ein dokter for å få hjelp. Dokteren såg på mannen og frosken og spurde til slutt: Korleis starta dette? Det byrja med ei kvise i ræva, svarte frosken.