Logo
 
Piggsvin forlag
Bjørn Sortland på Facebook
english

AKTUELT

Piggsvin Forlag ->Piggsvin Forlag

JUNI 2017

Stas
å bli plukka ut til Kortfilmfestivalen i Grimstad. Eg sat med sommarfuglar i magen mens "Julie (15)" blei avspelt framfor eit kresent publikum. Regi-debut for Mats Andersen og meg.

Stas å bli plukka ut til Kortfilmfestivalen i Grimstad

Veldig happy
med å bli utgitt i England, etter mi meining det vanskeligaste landet i verda å bli omsett til. Men eg er ikkje kjent for å sei "hurra", "tally-ho!" er meir presist her.

BA-artikkel

APRIL 2017

Påske
I midten av mars kom det brått over meg: I år skal eg prøva meg på det norske påskefjellet. Kvifor kan ikkje kompresjonsstillongs i meranoull bli eit satsningsområde, også i mitt liv? Eg leigde ei enkel, lita hytte på Gnurtejotnen, to par ski, ein Ulvang-genser og eit portabelt, lite høgdehustelt. Samt ein Nissan Pathfinder 4WD som hadde skiboks med innebygde varmeelement. Eg tenkte: Fantastisk å vera samla alle på atten kvadrat, utan straum og vatn. Den reine gleda ved å vaska opp for hand. Treng ein meir enn den gode samtalen - og brettspel? Men. Glitch i matrixen. Hytta var likevel ikkje ledig. Ein småbarnsfamilie frå Odda som kjente hytteeigaren betre, hadde brått og rått snike seg inn og stelt draumen, lengten og gleda mi. Påskefjell pulverisert. Som plaster på såret reiste eg til Cuba. Der sat eg med tvilsame solbriller til sju pesos og såg på havet, det uendelege, blågrøne havet. Og dei lange kvite, kvite strendene. I det stabile, stabile, stabile vêret. I min totalsyntetiske badeshorts med overkill blomemønster, var det ikkje ein sjans i det karibiske hav for å oppleva fjellheimens fryd med snø & slaps. Cuba gav meg berre lett knust is i ein mojito. I det linne palmesuset var Gnurtejotnen heile tida eit vondt avtrykk i kroppen, eit sukk og eit sakn - men eg har vel alltid visst det - påskefjellet kan aldri bli mitt. Det er viden kjent at Cuba ikkje kan kompensera for meranoull.

Påske 2017

Verdas bokdag 23. april
Dette er den mest booka dagen i året for forfattarar. I år som i fjor var Tjensvoll skole i Stavanger tidlig ute med å booka meg.

Verdas bokdag 23. april

Nominert
til pris for kortfilm.

Julie (15)
Kortfilmen "Julie (15)"

MARS 2017

5 av 5 stjerner!
På Norli Junior sine sider har 260 barn har gitt knall kritikk av boka mi Las Vegas-mysteriet. Denne er mest interessant: "jeg elsket boken men den suger hahaha". 5 av 5 stjerner.

5 av 5 stjerner

Eg har skrivekurs
på Litteraturhuset i Bergen helga 18. og 19. mars. Nokon få plasser igjen, trur eg, i alle fall.

Eg har skrivekurs

FEBRUAR 2017

Av og til
regner det så mykje på Vestlandet, at eg tar første & billigaste fly og reiser til sola, leiger ein liten leilighet og skriv der. Eg får tårer i augo når eg kan stå på den vesle balkongen min og sjå på den spanske himmelen dag etter dag etter dag - og den er blå, blå, blå.

ein liten leilighet

På forfattarbesøk
på Biblio Tøyen. Iben Akerlie, superlesande barn og eg saman for livet i Bamse-Volvo.

Bamse-Volvo

JANUAR 2017

Premiere
på kortfilmen Julie (15) 31.1.17 under festivalen Filmfest på Bergen Kino. Dyktige Sari Sangolt spelte hovudrolla. Topp stemning og diskusjon etter filmen med Kalle Løchen som "moderator".


(Foto frå innspelinga)

Bildebokfestival
på Høyskolen i Vestfold. Stas å halda foredrag for eit stort, entusiastisk og kompetent publikum. Saman med Lisa Aisato Njie Solberg, Svein Nyhus, Svein Størksen og andre flinke folk.

Bildebokfestival

God nytt år!

"The Rocket" eller "Fireworks on Hudson River"
("The Rocket" eller "Fireworks on Hudson River". Oljemaleri av Edward Middleton Manigault, 1909.)

DESEMBER 2016

God jul!

God jul!

Jul i Syria
i Marvin Halleraker sin strek. Ondskapen har ingen grenser, verken i går eller i dag.
Jesus var også på flukt.

Jul i Syria

Julebord
i agenturet til Linda Børnes.

Julebord i agenturet til Linda Børnes

Stas at juleheftet "Hellig jul"
blei utseld. Det gir meg eit lite håp om eit eller anna.

"Hellig jul"

Kent

Svara rakt från hjärtat nu
Ditt medlidande kan jag vara utan
Om det här ska vara allt vi hann
Så håll mig hårt
Håll mig älskling nu. 

Stockholm vaknar långsamt
På droger och på sorg
Snön hyr ut sin oskuld
till hela Kungsholms torg

                                    J. Berg

Stockholm
(Stockholm 16.12.16)

Bokstaveleg talt Bokbad
på biblioteket heime på Bømlo. Klasse 9B på Bremnes Ungdomsskule hadde rigga ein bra scene, preppa godt, og mange intelligente spørsmål. Knallbra avslutning på ein travel, litterær haust.

Bokstaveleg talt Bokbad

Bokbad

Julehefte
Eg har skrive ei novelle i "Hellig Jul",  eit vakkert julehefte som ønskjer å halda fram kva jula eigentleg feirar. Stas å vera med på dette.

Julehefte

Laaaangt
intervju med meg om gjøn og humor i "Prosopopeia", tidsskriftet til Litteraturvitenskap på Universitetet i Bergen. Eg veit ikkje akkurat om lesarane klaskar seg på låret når dei les dette.

intervju i Prosopopeia

intervju i Prosopopeia

NOVEMBER 2016

Når ljoset er tent i rådyrhovudet
og plastjuletreet likeeins, då er det jol også på kontoret. Bialetti-kanna står på colabordet, med raud og grøn pyntestripe, tilfelle nokon går feil, og treng kaffi. I tillegg ventar også kan hende ein original Bixit-kjeks med 36 % havre.

jol på kontoret

Kunstdetektivene
er seld til Ukraina, og blir trykt på både ukrainsk og russisk.

Kunstdetektivene er seld til Ukraina, og blir trykt på både ukrainsk og russisk

Kunstdetektivene er seld til Ukraina, og blir trykt på både ukrainsk og russisk

Kepler62-serien
er no seld til Tsjekkia. Eit pittelite, lunt smil i kvardagen.

Kepler62-serien er no seld til Tsjekkia

Kepler62-serien er no seld til Tsjekkia

Høgskulen på Stord
dramatiserte boka til Lars Elling og meg Forteljinga om jakta på forteljinga under Falturiltu-festivalen nylig. Veldig kult, scary på den gode måten.

Høgskulen på Stord

Høgskulen på Stord

Høgskulen på Stord

Høgskulen på Stord

Siste Bokbad
Agnes Ravatn og eg fekk æra av å ha det siste bokbadet i Bømlo Kulturhus med konseptet Bok og Jazz. Men eg håpar dei ikkje droppar verken bok eller jazz i tida framover.


(Foto: Bømlo-Nytt)

Søndag 6.11
startar Falturiltu-festivalen på Stord. Er du ikkje der, går du glipp av mykje. No er det laurdag, og festivalkaka er allereie oppeten av ungane.

Falturiltu-festival

SILK Litteraturfestival
i Skudeneshavn er ein av dei festivalane som ein absolutt ikkje må takka nei til. Eg hadde forfattarbesøk der no i helga - knall program, raust opplegg, utruleg velorganisert, tid til å treffa folk og forfattarar - og verdast beste Green Room.

SILK Litteraturfestival

SILK Litteraturfestival

OKTOBER 2016

Hæppy Halloween!
Dessverre berre eit bilde frå fjorårets fest. I år er det berre nostalgi & regn. Ingen ungar i heimen å laga ein scary fest for. Og ungane i nabolaget vågar seg ikkje ut, ikkje på grunn av Killer Clowns, men i fare for at regnet vaskar vekk fargen på Batman-drakten. Eg har omfamna Halloween sidan det såkalte fenomenet heldigvis dukka opp i Norge òg. Neste år ...

Hæppy Halloween!

Hæppy Halloween!

Endeleg
heng verda saman litt. Istanbul-mysteriet er no komme ut nettopp i ... Istanbul.

Istanbul-mysteriet

Kepler62-lansering
på frukost-tv og bokmesse i Helsinki. Eg var så dautrøtt at sminkedama måtte smørja kraftigt på. Eg var eit stort, statisk smil heile dagen.

Kepler62-lansering på frukost-tv og bokmesse i Helsinki

Kepler62-lansering på frukost-tv og bokmesse i Helsinki

Kepler62-lansering på frukost-tv og bokmesse i Helsinki

Filmen vår "Bakkekontakt"
er tatt ut til programmet til KinoKino sin kortfilmfestival i Sandnes no i oktober.

KinoKino

Bakkekontakt

Kunstnaren
Toulouse Lautrec sin by Albi, Frankrike. Her er også den største samlinga av arbeidet hans.

Toulouse Lautrec sin by Albi, Frankrike

2 nye Kepler62-bøker lansert!
Reisen og Pionerer er no ute i bokhandelen.

Reisen(Reisen)

Pionerer(Pionerer)

På litteraturfestival
i Tromsø. Her på ein dags miniturné med bokbussen. Stilt og fint ein tidlig morgon.

Tromsø

SEPTEMBER 2016

Falturiltu
Verdas største nynorske barnebokfestival, har no lansert programmet sitt. Og eg er festspeldiktar no når festivalen er 10 år. Her er Roald Kaldestad og eg i rosa-svart emo-humør. Det rosa slipset fekk eg i si tid av Muffe eller Gækki.
Sjekk falturiltu.no for meir fæcts.

Fariltu: Bjørn Sortland og Roald Kaldestad
(Foto: Sunnhordland)

Nye Kepler62-bøker
Bok nummer 3 og 4 i Kepler62-serien er sendt til trykk i dag. Kjem ut tidleg i oktober. Juhu.
Timo Parvela har skrive bok nummer 3: "Reisen". (ISBN: 9788293323112)
Eg har skrive bok nummer 4: "Pionerer". (ISBN: 9788293323129)

Reisen

Pionerer

JULI 2016

Me lagar kortfilm
i lysets Magic Hour.

Kortfilm

JUNI 2016

Me har laga
ein liten teknisk-gotisk sommarfilm om forelsking og rødming. Nils Johan Lund  har animert, eg har produsert og skrive manus. Tomtom har laga lyd, og Myrna Braza si vidunderlige stemme bind det heile saman.

Blei invitert
på nyskrive Mostraspel, som sjølvaste Tindberg står bak. Veldig bra, og kult å sjå gamle kjenningar, både kvinner og menn, med meir eller mindre heilskjegg.
Hovudgrunnen til at eg reiste var likevel foredrag då Maria Parr fekk den gjeve Tora Mostrastrong-prisen. Både Maria og eg vart vel teken imot av bømlingane.

Mostraspel 1

Mostraspel 2

Maria Parr

To gutar
som høyrer meg lesa på Tynset bibliotek, på eit av skuleårets siste forfattarbesøk.

To gutar som høyrer meg lesa på Tynset bibliotek

Skikkelig preppa før eg kjem:

MAI 2016

Nå på spansk og katalansk!

Oulu!
På veg til Oulu - i Finland! Skal ha ein bønsj med foredrag og forfattarbesøk, men etter å ha sett dette bildet, har eg trua på fritida òg.

Oulu

Jeg nød den virkelig ...
"Jeg har lige vendt den sidste side i Det bliver pinligt uanset hvad, og jeg nød den virkelig. Det er sådan en bog, der fortjener at få meget mere opmærksomhed, end den gør."  - frå bokbloggen boghjoernet.dk.

Det bliver pinligt uanset hvad

APRIL 2016

Kunstdetektivene seld
til eit kinesisk forlag!

(Frå "Bømlo-nytt", klikk på bildet for full størrelse)

Kepler62-serien
seld til Frankrike og Færøyane:

Finnish-Norwegian book series takes off around the globe

The story, accompanied with fascinating illustrations, begins with a video game and evolves into a space adventure, questioning many aspects of modern society.
The translation rights to the six-part space adventure book series Kepler62, created by Timo Parvela and Pasi Pitkänen from Finland and Bjørn Sortland from Norway, have been sold to the French publishing house Éditions Nathan.
“We fell in love with the modernity of the series and the fact that the story begins with a video game and evolves into a space adventure, not to mention its fabulous illustrations,” says Cécile Verdierfrom Éditions Nathan.
According to Verdier, Kepler62 was a perfect find, as Éditions Nathan has especially been looking for richly illustrated books that are easy to read yet thrilling. Verdier is full of praise for Pitkänen’s artwork in particular: “The illustrations with their beautiful colours and rhythm add strength and amazing originality to the story.”
The first parts of the adventure that addresses many of the topics current in today’s society were published simultaneously in Finland and in Norway in autumn 2015. The four remaining instalments will be published in 2016–2017.
The Kepler62 book series has previously been sold to South Korea, Faroe Islands, Hungary, Turkey and Estonia.

Kepler 62

MARS 2016

Lansering
av Las Vegas-mysteriet på Mathopen skole. Litt trist og litt fint med den aller siste boka i serien om Kunstdetektivene. Takk til Trond Bredesen for følget i 16 år - den beste fyren eg kunne hatt med. (Klikk på bildet for større versjon)

Lansering

Knall oppslag i BA
Stas når eit takknemlig heimepublikum jublar. (Sjå der, litt sportssjargong frå meg, corner inn, to indre og vekk med den! Ein treng ikkje å slå så hardt ned på obstruksjon!)

Roma
Eg har vore i Roma mange gonger, men nyleg hadde eg min første tur som forelesar og "kulturguide" i denne fantastiske byen. Saman med Paul Otto Brunstad var vi saman med ei gruppe pedagogar frå Sogn, og drog dei gjennom nesten 800 år historie.

RomaPå Forum.

RomaReal life og fiksjon; Trond sin illustrasjon frå "Roma-mysteriet" av Pantheon, ved Pantheon.

Roma
Eg foreleser inne i Colosseum, dette dødens teater, kor folk og dyr vart slakta i hundretusentals.

RomaColosseum.

Kent
gir ut si aller siste plate i mai. Ein turné. Så er det slutt. Ordlaust kjipt.

Kent

Pinlig i Danmark
Romanen til Tyra og meg er nylig lansert i Danmark. Det er sannsynligvis like pinlig der som her.

Pinlig i Danmark

Las Vegas-mysteriet
kjem plutselig til ein butikk nær deg. Bøkene er sendt frå trykkeriet no!  

Las Vegas-mysteriet

8 av 10 i Ungarn!
Om du les ungarsk, sjekk denne bloggen.

Ærlighetsminuttet utgitt i Ungarn. Stor stas

Ungarn-blogg

Topp stemning i Litauen
Når folk står i kø for å kjøpa bøker, gjeld det å signera kjapt før dei ombestemmer seg. Forlaget MMC i Vilnius inviterte meg, var rundt på universitet og skular, ambassade og bokmesse. Veldig kul by.

Vilnius

Vilnius

Vilnius

FEBRUAR 2016

Las Vegas-mysteriet
er klar 1. mars. Her sit bla. onkel William og David på Roy's Diner og legg opp ein cunning plan for å møta truslane frå psykoskurken Svartvik. Kul illustrasjon?
Det er Trond, ja.


(Illustrasjon: Trond Bredesen)

I november
er eg festivalforfattar på Falturiltu.
Falturiltu

JANUAR 2016

Intervju
med meg på UBOK.NO

Siste boka i Kunstdetektivene
kjem no til våren. Trond Bredesen tegner for harde livet. Gjett kva by det er frå, og vinn ei signert bok. Frist: 5. februar 2016. Husk postadresse!

Siste boka i Kunstdetektivene
(Illustrasjon: Trond Bredesen)

London-mysteriet
utgitt på Færøyane!

London-mysteriet utgitt på Færøyane!

Podcast på Salongen P2
Eg snakkar om angst, tru, misunning og andre lette & morsomme tema.

Ærlighetsminuttet
utgitt i Ungarn. Stor stas.

Ærlighetsminuttet utgitt i Ungarn. Stor stas

Godt nytt år frå Roma!
Eg blir litt optimistisk av dette skiltet eg fant i Trastevere.

Touristmenu

Den fantastiske malte illusjonen av ein kuppel i St. Ignatius av Loyola-kyrkja i Roma.

Kuppel

Nonner i Roma

Tokyo

TILBAKE TIL AKTUELT
AKTUELT 2015 (ARKIV)
AKTUELT 2014 (ARKIV)
AKTUELT 2013 (ARKIV)
AKTUELT 2012 (ARKIV)
AKTUELT 2011 (ARKIV)
AKTUELT 2010 (ARKIV)
AKTUELT 2009 (ARKIV)
AKTUELT 2008 (ARKIV)