Logo
 
Piggsvin forlag
Bjørn Sortland på Facebook
english

BIOGRAFI


(Foto: Helge Hansen)

Kort oppsummering av livet mitt før og no:

Eg er fødd i Bergen i 1968. Eg voks opp på Sortland på Bømlo, ein øykommune sør i Hordaland (Sortland har no skifta namn til Svortland, noko eg aldri har jubla særleg høgt over). I 1990–91 gjekk eg på Skrivekunstakademiet i Hordaland, og året etter debuterte eg med mi første bok, Det er ikkje natta, Samlaget 1992.
Sidan den tid har eg berre fortsett med å skriva. Det er kanskje kortsiktig, men eg tenkjer at det gjeld å gå knallhardt ut, og så auka innsatsen etter kvart.

Eg har skrive bøker i ulike sjangrar for barn, unge og vaksne. Bøkene mine er gitt ut i USA, Canada, Italia, Frankrike, Spania (på spansk, katalansk og baskisk), Nederland, Tyskland, Austerrike, Sveits, Ungarn, Bulgaria, Sør-Korea, Taiwan, Sverige, Danmark, Færøyane, Finland, Litauen, Egypt og Palestina.

Eg er elles glad i fersk torsk med mandelpotetpuré og ein akkurat passe dyr italiensk vin.

Her er litt meir om meg.