Piggsvin forlag
english

AKTUELT - PIGGSVIN FORLAG

FEBRUAR 2012

Bønna 4 i salg frå 15. februar
Bokhandlarar finn boka på Mentor, med ISBN 978-82-998395-4-9
Bønna 4 i salg frå 15. februar

JANUAR 2012

Ny Bønna-bok sendt til trykkeriet
Bønna og B-laget 4: Samling i bånn er nå sendt til trykkeriet. Her treffer Bønna og B-laget ein nifs nerd som gir dei eit tilbod dei ikkje kan takka nei til. Boka kjem no ut i februar.
Bønna og B-laget 4: Samling i bånn
(Illustrasjon: Trond Bredesen)

Bønna 3+4 som lydbok
Frank Kjosås har lest inn dei to siste bøkene om om Bønna og B-laget. Lydboka er snart i salg. Og bok nummer 4 i serien om Bønna og co, Samling i bånn, kjem ut  i begynnelsen av februar.
Bønna og B-laget

DESEMBER 2011

Nytt opplag
av første boka med Bønna og B-laget kjem ferskt frå trykkeriet onsdag. Så no treng du ikkje sove dårleg om natta lenger. 
Bønna og B-laget

NOVEMBER 2011

Ny bok i januar
Jobbar for tida med å skriva ferdig Bønna og B-laget nummer 4. Trond og Elisabeth har allereie laga omslaget. Denne gongen treffer dei ein nerd som er meir nerd enn alle nerdar Bønna og co har truffe før. Viss dei nerdar saman med han kan dei få tur til London.
Bønna og B-laget nummer 4.

MAI 2011

Lydbok med Bønna og B-laget 1+2
Frank Kjosås har lest inn dei to første bøkene om Bønna og B-laget, som no er i sal.
Han les så godt, er veldig online med teksten.
Lydbok med Bønna og B-laget 1+2

Vits

Ny serie

MARS 2011

Ny Bønna og B-laget klar!
B-laget lager B-film er bok nummer tre i serien om Bønna og B-laget. Boka flettar saman zombiar og fotball på ein unik måte - og kan også by på litt panfløytemusikk heilt på slutten. Kanskje.
B-laget lager B-film

Bønna og B-laget 3 sendt til trykk i dag
Dette blir go' knall! Boka kjem i sal 23. mars.
Bønna og B-laget 3

FEBRUAR 2011

Bønna og B-laget 1+2 som lydbok
4. mai kjem begge dei første bøkene om Bønna og vennene som lydbok. Yeah!
lydbok
Bønna og vennene som lydbok

Siste fiksing før ferdig bok
Trond og eg held på å fiksa dei siste tinga før Bønna og B-laget nummer 3 går til trykkeriet. Her er Ole Gunnar Solskjær og Alex Ferguson. Og den ikkje fullt så kjente John-Åge Ristoft.
Bønna og B-laget nummer 3

Det nærmar seg ...
Fekk berre lyst til å leggja ut denne kule illustrasjonen som Trond Bredesen har laga til den nye Bønna og B-laget boka.
Bønna og B-laget 3

JANUAR 2011

Ny Bønna og B-laget 3 snart klar!
Trond skissar og teiknar på den nye boka om Bønna og B-laget som kjem no i mars. Første boka i serien er snart utseld, og nummer 2 er det også mange som har kjøpt. I bok nummer tre er B-laget veldig på høgget, i tillegg skal dei laga film. Går det an å kombinera zombiar og fotball?
Bønna og B-laget 3

DESEMBER 2010

"... lettlest og dessuten utstyrtelig morsomme"
Herleg kritikk av Bønna og B-laget på bibliotekar Eli Frisvold sin overdådige bokblogg.
covercover

NOVEMBER 2010

Ny bok!
Bok nummer 2 med Bønna og B-laget er klar! Denne gongen handler det om straffesparkteknikk - og om kyssing. Bokhandlere finner den på Mentor.
Bønna og B-laget
(ISBN: 978-82-998395-1-8)

OKTOBER 2010

Første bok i ny serie ferdig!
Bønna og B-laget knaller til i boka Ikke bøll med benkesliterne som eg har laga saman med Kunstdetektivene-illustratøren Trond Bredesen. Vi har hatt det gøy når vi laga denne, og håper at du som lesar også liker den.
Ikke bøll med benkesliterne
(ISBN: 978-82-998395-0-1)

Bønna og B-laget nummer 2
kjem i sal allereie 11. november i år. Tittelen er Et kyss for et mål. Et kyss for et mål
(ISBN: 978-82-998395-1-8)

Bønna og B-laget
Og her er mi første bok - og første bok i ein ny serie som eg lagar saman med Trond Bredesen - han illustrerer også serien om Kunstdetektivene. Elisabeth Moseng er designer. Boka er i sal frå 18. oktober. Her er omslaget med baksidetekst, rygg og alt. Bokhandlarar kan no finne boka på Mentor.
Omslag