Logo
 
Piggsvin forlag
Bjørn Sortland på Facebook
english

AKTUELT

Piggsvin Forlag ->Piggsvin Forlag

MAI 2016

Nå på spansk og katalansk!

Oulu!
På veg til Oulu - i Finland! Skal ha ein bønsj med foredrag og forfattarbesøk, men etter å ha sett dette bildet, har eg trua på fritida òg.

Oulu

Jeg nød den virkelig ...
"Jeg har lige vendt den sidste side i Det bliver pinligt uanset hvad, og jeg nød den virkelig. Det er sådan en bog, der fortjener at få meget mere opmærksomhed, end den gør."  - frå bokbloggen boghjoernet.dk.

Det bliver pinligt uanset hvad

APRIL 2016

Kunstdetektivene seld
til eit kinesisk forlag!

(Frå "Bømlo-nytt", klikk på bildet for full størrelse)

Kepler62-serien
seld til Frankrike og Færøyane:

Finnish-Norwegian book series takes off around the globe

The story, accompanied with fascinating illustrations, begins with a video game and evolves into a space adventure, questioning many aspects of modern society.
The translation rights to the six-part space adventure book series Kepler62, created by Timo Parvela and Pasi Pitkänen from Finland and Bjørn Sortland from Norway, have been sold to the French publishing house Éditions Nathan.
“We fell in love with the modernity of the series and the fact that the story begins with a video game and evolves into a space adventure, not to mention its fabulous illustrations,” says Cécile Verdierfrom Éditions Nathan.
According to Verdier, Kepler62 was a perfect find, as Éditions Nathan has especially been looking for richly illustrated books that are easy to read yet thrilling. Verdier is full of praise for Pitkänen’s artwork in particular: “The illustrations with their beautiful colours and rhythm add strength and amazing originality to the story.”
The first parts of the adventure that addresses many of the topics current in today’s society were published simultaneously in Finland and in Norway in autumn 2015. The four remaining instalments will be published in 2016–2017.
The Kepler62 book series has previously been sold to South Korea, Faroe Islands, Hungary, Turkey and Estonia.

Kepler 62

MARS 2016

Lansering
av Las Vegas-mysteriet på Mathopen skole. Litt trist og litt fint med den aller siste boka i serien om Kunstdetektivene. Takk til Trond Bredesen for følget i 16 år - den beste fyren eg kunne hatt med. (Klikk på bildet for større versjon)

Lansering

Knall oppslag i BA
Stas når eit takknemlig heimepublikum jublar. (Sjå der, litt sportssjargong frå meg, corner inn, to indre og vekk med den! Ein treng ikkje å slå så hardt ned på obstruksjon!)

Roma
Eg har vore i Roma mange gonger, men nyleg hadde eg min første tur som forelesar og "kulturguide" i denne fantastiske byen. Saman med Paul Otto Brunstad var vi saman med ei gruppe pedagogar frå Sogn, og drog dei gjennom nesten 800 år historie.

RomaPå Forum.

RomaReal life og fiksjon; Trond sin illustrasjon frå "Roma-mysteriet" av Pantheon, ved Pantheon.

Roma
Eg foreleser inne i Colosseum, dette dødens teater, kor folk og dyr vart slakta i hundretusentals.

RomaColosseum.

Kent
gir ut si aller siste plate i mai. Ein turné. Så er det slutt. Ordlaust kjipt.

Kent

Pinlig i Danmark
Romanen til Tyra og meg er nylig lansert i Danmark. Det er sannsynligvis like pinlig der som her.

Pinlig i Danmark

Las Vegas-mysteriet
kjem plutselig til ein butikk nær deg. Bøkene er sendt frå trykkeriet no!  

Las Vegas-mysteriet

8 av 10 i Ungarn!
Om du les ungarsk, sjekk denne bloggen.

Ærlighetsminuttet utgitt i Ungarn. Stor stas

Ungarn-blogg

Topp stemning i Litauen
Når folk står i kø for å kjøpa bøker, gjeld det å signera kjapt før dei ombestemmer seg. Forlaget MMC i Vilnius inviterte meg, var rundt på universitet og skular, ambassade og bokmesse. Veldig kul by.

Vilnius

Vilnius

Vilnius

FEBRUAR 2016

Las Vegas-mysteriet
er klar 1. mars. Her sit bla. onkel William og David på Roy's Diner og legg opp ein cunning plan for å møta truslane frå psykoskurken Svartvik. Kul illustrasjon?
Det er Trond, ja.


(Illustrasjon: Trond Bredesen)

I november
er eg festivalforfattar på Falturiltu.
Falturiltu

JANUAR 2016

Intervju
med meg på UBOK.NO

Siste boka i Kunstdetektivene
kjem no til våren. Trond Bredesen tegner for harde livet. Gjett kva by det er frå, og vinn ei signert bok. Frist: 5. februar 2016. Husk postadresse!

Siste boka i Kunstdetektivene
(Illustrasjon: Trond Bredesen)

London-mysteriet
utgitt på Færøyane!

London-mysteriet utgitt på Færøyane!

Podcast på Salongen P2
Eg snakkar om angst, tru, misunning og andre lette & morsomme tema.

Ærlighetsminuttet
utgitt i Ungarn. Stor stas.

Ærlighetsminuttet utgitt i Ungarn. Stor stas

Godt nytt år frå Roma!
Eg blir litt optimistisk av dette skiltet eg fant i Trastevere.

Touristmenu

Den fantastiske malte illusjonen av ein kuppel i St. Ignatius av Loyola-kyrkja i Roma.

Kuppel

Nonner i Roma

DESEMBER 2015

God jul til alle!

Rembrandt-Kvilepause
(Kvilepause på flukt til Egypt, Rembrandt 1647, National Gallery, Dublin)

Intervju
i 365BOK

Bjørn Sortland

Kepler62-serien
blir utgitt i Tyrkia!

Kepler62-serien
blir utgitt i Tyrkia!

Tyrkia

Ill

Tokyo!
Endeleg fekk eg ut fingen og kom meg til ein by eg har vilja besøkt lenge.

Tokyo
Kunsten i Nasjonalgalleriet

Tokyo
Plastic Fantastic

Tokyo
Te-tradisjon-ting

Tokyo
Fiskemarked

Tokyo
Opera

Tokyo
Hagar om hausten

Tokyo
Kimonodamer i hagar om hausten

NOVEMBER 2015

Platedate
Eg var på Platedate med Alexandra Gjerpen (frå serien "Unge lovende") på P2 Kulturhuset fredag 20.11. Nevrotisk vanskeleg å velga musikk, men kjekt! Bob dukka også opp.

Alexandra Gjerpen

Bob Dylan

Kunstdetektivene blir utgitt i Bulgaria. Dette er ikkje ein gong heilt gresk for meg.

Kunstdetektivene blir utgitt i Bulgaria

Har dratt til Frankrike
på litteratur/kulturfestivalen Les Boréalis. Rart å vera her knappe 48 timar etter terrortragedien fredag 13.11. Trass i dette absurde angrepet, er det rolig stemning, franskmenna møter det med fatning, om det går an å bruka eit slikt ord.

Paris

Les Boréalis

På SILK-festival i Skudeneshavn
Pasi Pitkänen tegner Angry Birdsgris til fansen.

SILK Festival

SILK Festival

OKTOBER 2015

Eg snakkar ...
mens tre tauser finnar sit og høyrer på skravlinga mi.

Eg snakkar

Signering er gøy (når det kjem folk).

Signering

På Kiasma-museet
i Helsinki.

På Kiasma-museet i Helsinki.

På Kiasma-museet i Helsinki.

På Kiasma-museet i Helsinki.

I Helsinki
på litteraturfestival med Timo og Pasi som eg lagar Kepler62-serien med. Her har vi landa på den herlige planeten vi skriv om.

I Helsinki på litteraturfestival

Følg hovudpersonen min Marie på youtube
- der ho har ein serie med ei eiga, hemmeleg videodagbok.

Intervju
med meg i BA.

Intervju med meg i BA.

Jippix3!
Kepler62-bøkene seld til Ungarn, Estland og Sør-Korea.

Ungarn
Estland
Sør-Korea

På teven
og snakkar om Kepler62-bøkene våre.

På teven og snakkar om Kepler62-bøkene våre

Zara og dei blir levande!
Vi har fått støtte frå Vestnorsk Filmsenter, og no skal Nils Johan Lund og eg laga film om denne galne familien.

Zara og Dei

Appelsinia-festival, alltid kult!

Appelsinia-festival, alltid kult!

Tumblr-bilder frå Kepler62:
Nedtelling

Her er Marie, min nye hovudperson i Kepler62-serien

SEPTEMBER 2015

Knall på Barnebokfestival i Oslo
Eit utruleg bra opplegg, med dugnadsånd og høg kvalitet på innhald og innpakning. Piggsvin Forlag var også med ...

Barnebokfestival i Oslo

Kepler62-serien seld til Korea!

Kepler62-serien seld til Korea!

Kepler62 Nedtelling

Kepler62 Invitasjonen

AUGUST 2015

Jippi!
Nominert til ARKs barnebokpris 2015!

Nedtelling cover

Ei årviss hending
Det halvoffisielle bildet av Ingvild og meg på Hagefest. I bakgrunnen jubler kjendis-Noreg.
Det halvoffisielle bildet av Ingvild og meg på Hagefest

Endeleg!
Etter alle desse åra: Kirrin-øya! Eg visste det heile tida, langt inni meg, at øya frå Fem-serien fantes. Ein salig sein kveld kom eg nyleg over ho. Det var stilt i borga. Onkel Quentin var som vanleg kidnappa. Anne, Georgina, Dick og Julian sov. Timmy gøydde litt, så eg sneik meg vekk. Bibliotekaren som heiv ut alle bøkene frå biblioteket tok feil. Enid Blyton fær ikkje med lygn.

Kirrin-øya

Emo-dag
i Game of Thrones-dag.

Emo-dag i Game of Thrones-dag

Emo-dag i Game of Thrones-dag

Emo-dag i Game of Thrones-dag

Emo-dag i Game of Thrones-dag

JULI 2015

På eit trivielt turistbesøk
på eigedomen Greenway, kor Agatha Christie hadde feriehuset sitt, gjekk eg og tusla på stien som førte ned til båhuset. Eg opna døra, og der i halvmørkret låg liket av ei ung kvinne, ei jente på rundt fjorten år. Sikkert noko rollespelgreier, ho var så uhorveleg flink, låg så veldig stille så veldig lenge. Ingen kom. Eg kjente meg gammal, og gjekk til slutt opp til det store, kvite huset igjen, som hadde stengt tidlegare enn det stod på infoskiltet. Ja, ja. Det er no allslags.

På eit trivielt turistbesøk

BKAM!
Her er Marie, min nye hovudperson i Kepler62-serien som kjem i september.

Her er Marie, min nye hovudperson i Kepler62-serien
(Illustrasjon: Pasi Pitkänen)

Ærlighetsminuttet i Litauen
Romanen har nett komme ut på forlaget MMC. Alltid kult å sjå kva cover dei har gått for. Håpar ungdommen ligg i soveposar for å få tak i boka.

Ærlighetsminuttet i Litauen

London-mysteriet
seld til Færøyane!

London-mysteriet seld til Færøyane!

Her er Marie!
Ho er hovudpersonen i ein ny spenningsserie som kjem ut i september. Det skal bli seks bøker om henne og Ari, som blir sendt av garde til planetsystemet Kepler62.


(Illustrasjon: Pasi Pitkänen)

Tips til Bergen:
Sjølv når det er grått & vått kan folk gå på stranda i Paris sentrum. Sjå til Paris, sa dei gamle alltid. Og om dei ikkje sa det direkte, så mumla dei det heilt tydeleg inni seg.

Paris

JUNI 2015

Zara og dei i Aasentunet
Forestilling med Zara og dei under Dei nynorske festspela. 120 ungar ville ha tatoveringar etterpå.

Forestilling med Zara og dei under Dei nynorske festspela

Zara og Dei

Ny bok til hausten
Starter ein ny serie med Ella-forfattar Timo Parvela og Angry Birds-illustratør Pasi Pitkänen i september. Romanen Nedtelling er mitt første bidrag i serien, som handler om ungar som blir sendt til planeten Kepler62. Her er coveret.

Nedtelling cover

Og her har Pasi tegna crewet: Timo, Pasi og meg. PS! Me er ikkje med i handlinga!

Og her har Pasi tegna crewet: Timo, Pasi og meg
(Illustrasjon: Pasi Pitkänen)

På baksida av KODE i Bergen

På baksida av KODE i Bergen

Skrivekonkurranse for deg mellom 16 og 20
Om du er mellom 16 og 20 år og let deg inspirera av Ivar Aasen-ordtaket «Ein får tru det ein vil», kan du no bruka den inspirasjonen til å skriva ei novelle, og senda den inn i konkurransen som Dei nynorske festspela arrangerer.
– Ordtaket «Ein får tru det ein vil» kan tolkast på ulike måtar og eg trur det kan komma mykje spennande ut av det, seier programansvarleg Åshild Widerøe i Ivar Aasen-tunet i ei pressemelding.
Konkurransen er i gang, og fristen for å svara er 15. juni. Vinnaren blir annonsert på eit eige arrangement under Dei nynorske festspela 26. juni – og dei tre beste tekstane kjem på trykk i Sunnmørsposten, samstundes som vinnaren får 5000 kroner som ein bonus.
Juryen er leia av forfattar Bjørn Sortland, saman med ein representant frå Sunnmørsposten og ein frå Ivar Aasen-tunet.
Vil du vera med? Send inn bidraget ditt til:
amin@aasentunet.no eller via heimesida til Dei nynorske festspela!

Skrivekonkurranse for deg mellom 16 og 20

MAI 2015

Oslo-mysteriet ute på Færøyane!

Oslo-mysteriet ute på Færøyane!

Dei Nye Sjarlatanane
Me vant ikkje ikkje kviss'n på Lillehammer i år, men me hadde det kulaste namnet.

Dei Nye Sjarlatanane

Autorenbesuch
i den gamle, gjeve universitesbyen Tübingen er sehr knall! Mehr, mehr, mehr! gjalla det i heile Abteilung Skandinavistik.

Autorenbesuch i den gamle, gjeve universitesbyen Tübingen

Noko alvorleg
framfor poeten Hölderlin sitt gule hus med tårn i Tübingen.

framfor poeten Hölderlin sitt gule hus

Ny bokserie til hausten!
I september kjem dei to første bøkene i ein ny spenningserie skriven av finske Timo Parvela og meg (han som skriv Ella-bøkene). Serien heiter Kepler62, og handler om barn/ungdom som blir plukka ut og sendt til planetsystemet Kepler62 - eit farefullt og nifst opplegg. Bøkene er illustrert av Pasi Pitkänen, som også har illustrert Angry Birds. Her er ein liten trailer, laga av Nils Johan Lund, basert på Pasi sitt cover.
Be part of the story, som det heiter på inglish.

Kepler62

APRIL 2015

Heilt kingkong-tjolabing-
stemning med Kunstdetektivene i Istanbul. Ein kulturnasjon krev meg dag og natt.
Og egoet mitt taklar det sjølvsagt på ein fin og balansert måte.

På veg til Istanbul
Eg har vore der fleire gonger, men kjenner det ekstra i magen når det gjeld denne byen. Hilde Hagerup og eg skal på litteraturfestival, Hilde er omsett til tyrkisk, og heile serien om Kunstdetektivene har allereie mange lesarar her.

(Illustrasjon: Trond Bredesen)

MARS 2015

På bokmessa
i Bologna med dressjakke og godt humør. WSOY i Finland og Piggsvin Forlag kjem med ny spenningsbokserie til høsten, skriven av Timo Parvela og meg.
To be continued ...

På bokmessa i Bologna

I Tromsø
på forfattarbesøk, ein av dei finaste byane i Norge. Det vanlige kjøret - barn og ungdom som har overnatta to døgn i sovepose utanfor biblioteket, mødre som hyler og skrik og vil ha autograf på kroppen, fedre som græt av glede over at skulen har fått ein levande forfatter til gards, og som heretter lovar å lesa skjønnlitteratur til gutane sine kvar kveld - det vanlige kjøret.

Hysteria

I Tromsø på forfattarbesøk

FEBRUAR 2015

No Comprendo
Den har tidlegare vore litt nede, men No Comprendo ei kul nettside kor det er veldig mange bra ting - blant anna vestlands-road-movie-teikneserien On the road again, again - som Øyvind Torseter og eg vant Sproing-prisen for. Det er fantastisk med eit forlag som framleis sel det dei har gitt ut.

On the road again, again

On the road again, again

Dora Maar er frisk og fin
som aldri før på det nyoppussa Picasso-museet i Paris. Vi hadde ho med i Raudt, blått og litt gult som eg laga saman med Lars Elling like etter at vi var konfirmerte. Eg har sjølvsagt kulturskjerftet på meg i eit slikt høve.

Picasso-museet i Paris

Picasso-museet i Paris

Eg likte i prinsippet skule, men ....
(frå samlinga til Fondation Louis Vuitton)

frå samlinga til Fondation Louis Vuitton

Olafur Eliasson-utstilling
i Paris. Ved inngangen ein 4 milliard år (sånn cirka) gammal meteoritt som det var lov å ta på.
Olafur sine utstillingar har løft over seg.

Olafur Eliasson-utstilling

Olafur Eliasson-utstilling

Olafur Eliasson-utstilling

3xjippi!
Stig Svartvik og serien om Kunstdetektivene er no seld til Hellas, Ungarn og Bulgaria. Dette bidrar til sindets munterhed og glæde. Feta, gulasj og shopska i heimen heile helga.

Kunstdetektivene

JANUAR 2015

Forfattarbesøk
Omringa av ungar i dag hylte ein entusiastisk gut: "Når du er dau skal eg kopiera opp og selgja autografen din og bli søkkrik!"

Forfattarbesøk

Fest med franskmenn
For å unngå at det blei utagerande, tok eg på meg kulturskjerfet.

Fest med franskmenn

Endelig!
No 22. januar 2015 kjem romanen min Ærlighetsminuttet ut på fransk. Og for å vera heilt ærlig - det er enormt stas. Dei omfattande 549 sidene er omsett av  Francoise, Tom og Marina Heide.

Ærlightesminuttet

Rockwell i Roma!
Knall utstilling med Norman Rockwell i Roma. Alle forsidene hans til Saturday Evening Post, og meire til. Der eg gjekk tenkte eg at livet stundom er for kort til å hata Amerika.

TILBAKE TIL AKTUELT
AKTUELT 2014 (ARKIV)
AKTUELT 2013 (ARKIV)
AKTUELT 2012 (ARKIV)
AKTUELT 2011 (ARKIV)
AKTUELT 2010 (ARKIV)
AKTUELT 2009 (ARKIV)
AKTUELT 2008 (ARKIV)